CruiseDay:

Har lagt opp til eit omfattande tilbod til dei første cruiseturistane

Myklebustskipet og fjordhesten står på programmet for den alle første utgåva av CruiseDay. Foto: Ina Steiro 

Nyheter

Vikingskip og fjordhestar, krut og kanonar. Det blir ei oppleving utanom det vanlege når Nordfjordeid 21. mai ønskjer velkomen 5.000 besøkande frå skipet AIDAperla og alle andre til CruiseDay for aller fyrste gong.

– I staden for å klage og syte over manglande lokal verdiskaping knytt til cruise, tar vi på Eid saka i eigne hender og lagar til «Cruise Day» når Nordfjordeid 21. mai for fyrste gong tek imot eit stort cruiseskip til kai, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, i ei pressemelding.

Skipet som besøker Eid 21. mai er AIDAperla, eitt av verdas nyaste og mest miljøvenlege cruiseskip med over 4.000 passasjerar og eit mannskap på 900. 

CruiseDay er eit samarbeid mellom handelsstanden i Eid, Eid kommune, Eid Frivilligsentral, Seawalk Nordfjord (eigaren av kaia) og mange andre lokale aktørar.

Målet med CruiseDay er at Nordfjordeid skal framstå samla som ein god plass å vere for alle tilreisande dei dagane det er cruiseanløp, og å legge til rette for at mange av passasjerane om bord ynskjer å bruke tid på Nordjordeid for å handle, sjå attraksjonar og nyte dagen.

AIDAperla er det fyrste skipet som kjem til den nye Seawalk-kaia på Nordfjordeid, i gangavstand til den tradisjonsrike Eidsgata, Sagastad og sentrum elles. AIDAperla er eitt av verdas nyaste og mest miljøvenlege cruiseskip, med over 4.000 passasjerar og eit mannskap på 900.

AIDAperla vil bli helst velkomen med kanonsalutt. Eidsgata vil bli stengd for biltrafikk og gjort til gågate - med uteservering, handel og aktivitetar i gatene, kunstutstillingar og lett tilgjengelege historiske vandringsruter.

Det vil bli fjordhestar som vandrar i gatene og badar i fjorden, barnehageborn som er ute og ser på skipet, opa kyrkje med konsert, tilbod om hesteskokasting og fotografering saman med vaskeekte vikingar. Over 50 butikkar og 13 serveringsstader er også klare for å ta imot gjester. Butikkane vil særskilt marknadsføra lokale produkt med eigen, nylaga logo.

Eidsgata har også sitt eige «Julehus», slik at turistar som ynskjer det kan få ein smak av jul på ein varm vårdag. For dei tøffaste blir det mulig å bade i fjorden på den nye badestranda i Sagaparken midt i sentrum.

Den store, nye attraksjonen på Eid i sommar, Sagastad, vil vere ope for publikum med det 30 meter lange Myklebustskipet som hovudattraksjon. Det er i samband med Sagastad også laga ei eiga turløype frå kaia gjennom Eidsgata til Sagastad markert med hestesko i gata: The Viking Walk.

Det er i samband med Nordfjordeid sin debut som cruisedestinasjon laga nye sentrumskart, installert gratis WiFi i sentrum, laga til nye vandreløyper i sentrum og ny skilting. Det blir også forsøkt ut eit tilbod med shuttlebuss mellom attraksjonene i sentrum, Norsk Fjordhestsenter og golfbana på Stokkenes.

– Alle - både frå fjern og nær - er velkomne til CruiseDay på Nordfjordeid 21. mai! Vi lovar moro for store og små - Eid Inviterer til ein festdag. Vi oppmodar alle som ynskjer det til å flagge for å markere dette fyrste store skipsanløpet til Eid på 30 år. Det blir også eit musikalsk avskjedsarrangement ved Godsterminalen med Eid Musikklag i full uniform på kaia, opplyser ordføraren.

AIDAperla sitt anløp 21. mai er det fyrste av 20 cruiseanløp sommarsesongen 2019. Allereie dagen etter, onsdag 22. mai, kjem Zenith med 1.900 passasjerar til Nordfjordeid.