Arrangerer marknad på «campingen»

Marknad: Nore Fjordsenter håpar på godt vêr så dei kan arrangere marknad laurdag. Arkivfoto 

Nyheter

Laurdag vert det arrangert marknad ved Nore Fjordsenter på Bryggja.

– Det blir mange ulike aktivitetar, mellom anna hesteskokasting, trillebårkøyring, instrumentkasseholding, natursti og mykje anna, seier Kari Solheim.

Folk skal heller ikkje gå svoltne under marknaden.

– Vi grillar sommarkotelettar med heimelaga potetsalat, hamburgar og pølser, og det blir kaffi og kaker, seier ho.

Det blir også underhaldning. Bryggja Skulekorps og Ytre Nordfjord Brass stiller begge med ein «minikonsert».

– Vi håpar mange vil ta ettermiddagen saman med oss på campingen! seier Solheim, som også seier frå for sikkerheits skuld:

– I tilfelle regn vert marknaden avlyst.