Jan Magne sin karriere er skriven i stein

Jan Magne Gjerde forskar for tida på livet i steinalderen ved å studere busetnad, bergkunst, råstoff og landskap i Alta-regionen under prosjektet Stone Age Demographics; eit prosjekt finansiert av Norges Forskningsråd ved Universitetet i Tromsø. Her er han avbilda foran ein bjørnefigur i Valle i Nordland.   Foto: Privat

Nyheter

Jan Magne Gjerde (46) vaks opp på Stadlandet mellom berg og bårer. Etter 20 år i arbeidet med bergkunst, er han i dag ein av dei fremste forskarane i Nord-Europa på dette feltet.