– Det har på ein måte eksplodert her

Han har bygd hus og leilegheiter for 24 millionar på Bryggja sidan 2017 og fleire skal det bli.

fin utsikt: Det er utsikt rett ned på fjorden frå den siste tomannsbustaden oppført av MJ-Byggservice på Fiskå. Entreprenøren har bygd mange av dei nyaste husa på Bryggja. begge foto: eva westvik  Foto: Foto Eva Westvik

fornøgd entreprenør: Magne Johnny Sætre har hatt mykje godt arbeid på Bryggja siste åra.  Foto: Foto Eva Westvik

Nyheter

– Vi har ikkje gjort noko for å marknadsføre oss, men fornøgde kundar har snakka fint om oss og då vil endå fleire at vi skal bygge for dei. Det har på ein måte eksplodert, seier Magne Johnny Sætre i MJ-Byggservice om aktiviteten på Bryggja det siste eitt og eit halvt året.

Har kjøpt fleire tomter

Magne Johnny Sætre har satsa på litt mindre og rimelege hus og leilegheiter til mellom 2,1 og 2,4 millionar kroner.

– Eg vil at ungdom skal få komme seg inn på marknaden, det synest eg er viktig, seier Sætre, som har kjøpt opp fleire tomter på Bryggja og har planar om å bygge nokre fleire tomannsbustadar. Ein blir liggande bak den såkalla naustrekkja og ein annan langs vegen litt lenger ut i bygda.

Med seg på laget har han to snikkarar og han brukar lokale samarbeidspartnarar der han kan.

– Ja, til dømes tar Reiel Fagerlid alt gravearbeidet.

Nordfjord viktig marknad

MJ-Byggservice har tent bra på optimismen på Bryggja og Eid.

– Vi har bygd ein del hus på Eid også, og hytter på Harpefossen seier Sætre.

I fjor omsette tre mann i MJ-Byggservice for 15 millionar eks moms, så langt i år seks millionar, ifølgje Sætre.

Jobbar for nytt byggefelt

Sverre Solibakke meiner det hastar med å få på plass eit nytt byggefelt i bygda, slik at dei som vil flytte til Bryggja kan få seg tomter.

– Ja, no er det ikkje lenger ledige tomter og hus på Bryggja, så vi må fremje forslag om nytt byggefelt og håpe det går gjennom. Det kan til dømes bli eit nytt bustadfelt vest for Norefossen, ovanfor og litt utanfor skulen, seier Solibakke.

– Har grensejusteringa berre vore positiv?

– Ja, den har vore mest samlande, seier Solibakke.