Vann lokale flyruter

Widerøe fekk tildelt kontrakt frå Samferdselsdepartementet på flygningar til Anda, Førde og Hovden frå 2020.

Widerøe fekk tildelt kontrakt frå Samferdselsdepartementet på flygningar til Anda, Førde og Hovden frå 2020.  Foto: Arkiv

Nyheter

Kontraktene gjeld for perioden 1. april 2020 – 31. mars 2024, står det i ei pressemelding.

På ruta til Førde Lufthamn Bringeland var det to flyselskap med i konkurransen, Widerøe og DOT. Widerøe var einaste selskap som la inn tilbod på rutene frå Sandane lufthamn Anda og Ørsta-Volda lufthamn Hovden.

I høve til konkurransegrunnlaget skal kontrakta som hovudregel tildelast tilbodet som har det lågaste kompensasjonskravet for heile kontraktsperioden, står det i pressemeldinga. Tilbodet frå Widerøe hadde altså lågeste kravet til kompensasjon på ruta Førde–Oslo.