Vart stansa av politiet med større kvantum narkotika

Laurdag kveld vart ein mann teken av politiet med eit større kvantum narkotika.

Tenesteleiar ved Vågsøy lensmannskonmtor, Nils Bakke. Foto: Fjordenes Tidende. 

Nyheter

Det opplyser tenesteleiar ved Vågsøy Lensmannskontor, Nils Bakke.

Politiet slo til etter å ha hatt mistanke om narkotikaen ei tid. Mannen hadde då 300 gram hasj og hundre narkotiske tablettar.

- I vår målestokk er dette eit ganske stort beslag, seier Nils Bakke.

Mannen vart teken hand om av politiet og sett i arrest til søndag. I avhøyr med politiet så la mannen alle kort på bordet, og tilstod narkotikaen han hadde, pluss litt til.

Det gjorde at han vart sett frå på søndag. Men mannen kan vente seg ei rettssak etter beslaget.

Bakke seier politiet mistenker at narkotikaen var meint for eige bruk og sal. Sjølv hevda mannen at det berre var til eige bruk.

Bakke seier politiet er godt kjent med at det er eit miljø i Måløy som brukar narkotika, og at politiet prøver så godt dei kan å følgje med på det som skjer.

Mannen var ikkje rusa då politiet slo til mot han.