Tre bilførarar fekk seg mobilprikkar då Utrykkingspolitiet hadde kontroll på Rv 15 på Haugen i Eid torsdag.
Tre av dei seks bilførarane som vart stansa for lovbrot snakka ulovleg i handhaldt mobiltelefon.
Dermed vart det 1.700 kroner i bot og to prikkar på kvar av dei tre bilførarane.
Tre andre bilførarar fekk forenkla førelegg for høg fart i 60-sonen, opplyser Utrykkingspolitiet.