Redd vegen ikkje blir prioritert

Ordførarkandidat i Kinn, Gustav Johan Nydal (KrF), er oppteken av at fylkespolitikarane pressar på for oppstart av Svelgen- Indrehus.

Styreleiar i Kystvegen Reidar Sandal. Arkivfoto  

Nyheter

- Skal vi klare å danne ei kraftig eining på kysten, samt få betre kommunikasjon mellom Måløy og Florø, så kan ein ikkje nedprioritere kystvegen. Vi må få oppstart på Svelgen-Indrehus og kome vidare med prosjektet. Eg er redd for dette blir nedprioritert sett opp mot andre vegprosjekt, seier Nydal.