– Det handlar om tryggleiken til innbyggjarane

Ordførarkandidat Ottar Jan Løvoll (Ap) går til val på å skaffe Vanylven legevaktbil.

Partisekretær Kjersti Stenseng (Ap) og ordførarkandidat i Vanylven Ottar Jan Løvoll (Ap). Foto: Privat 

Nyheter

– Vi vil jobbe veldig hardt for å få ein legevaktbil som kan vere stasjonert på legesenteret. Vi har berre ein ambulanse i Vanylven, og det er den ambulansen som har flest kilometer på hjul i Møre og Romsdal. Difor vil vi få på plass ein utstyrt legevaktbil som kan rykke ut frå legekontoret i staden for at ein må vente på ambulanse på ein av nabokommunane, seier Løvoll.