Får 250.000 til å gjere Stad fossilfri

Eid kommune har fått tilsegn om 250.000 kroner frå Miljødirektoratet for å lage ein samla plan for å gjere all transport i nye Stad kommune fossilfri innan 2030.
Nyheter

– Dette er eit viktig steg på vegen mot å skape berekraftige, utsleppsfrie lokalsamfunn også i Distrikts-Noreg. Klimautfordringane er svære og påverkar alle, og vi må gjere tiltak på alle nivå, også lokalt for å kutte klimautslepp, seier Alfred Bjørlo (V), ordførar i Eid.