Gir dei tilsette æra for gode resultat

Medan delar av verftsindustrien slit kraftig, leverer Båtbygg på Raudeberg solide tal. Verksemda fekk 16 millionar kroner i resultat før skatt av ein omsetnad på 241 millionar i fjor.

Eit godt rykte og dyktige tilsette som står på seint og tidleg for å yte god service til kundane.

Kjell-Inge Sjåstad
Nyheter

– Vi har konsentrert oss om ombygging og vedlikehald, prosjekt med mindre risiko enn store byggeprosjekt. Slik situasjonen er i delar av bransjen no, er vi absolutt nøgd med fjoråret, seier administrerande direktør og medeigar Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg.