Har fått legevaktbil

Tidlegare har legane i Vågsøy rykt ut med sine private bilar til akuttoppdrag og heimebesøk. Men no er ein nye legevaktbil på plass i kommunen.

F.v. Johnny Myklebust frå Berge & co., kommuneoverlege Rune Nordpoll, fagleiar Christel Midtgaard Angelshaug ved Måløy legekontor og rådmann Jeanette Jensen i Vågsøy kommune gler seg over at den nye legevaktbilen er på plass. Bilen er ikkje eit utrykkingskøyretøy, men er utstyrt med ein akuttmedisinsk sekk og skal brukast i utrykkingar og heimebesøk. Begge foto: Marianne S. Rotihaug  Foto: Marianne S. Rotihaug

Nyheter

– Tidlegare har ein brukt privatbilar til utrykkingsoppdrag. Det har ikkje vore noko vi har reflektert så mykje rundt, det er berre slik det har vore gjennom mange år. Men no har ein frå sentralt hald hatt eit fokus på profesjonalisering av legevakt, utstyr og bilar, og gjennom dette arbeidet har det kome ei sterk anbefaling om at kommunane skal ha ein eigna legevaktbil. Konsekvensen av dette er at ein i Vågsøy har bestemt seg for at ein gjekk til innkjøp av ein bil, fortel kommuneoverlege Rune Nordpoll.