Her er salsvinnaren i Nordfjord første halvår

Lanseringa av femte generasjon Toyota Rav4 med hybrid motorteknologi gjorde at modellen toppa salslista i Nordfjord første halvår.

Rav4 selde mest: Salssjef Rune Solvang (t.v.) og seljar Kim Rune Flo kan konstatere at den nye versjonen av «Nordfjord-bilen» Toyota Rav4 så langt er ein salssuksess. Bilen har lege i toppen av salslistene her i regionen i mange år, første halvår i år er han mest seld. ALLE FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD 

Nyheter

– Modellen er bygd på heilt ny plattform og med ny og meir effektiv hybridteknologi. Alt er nytt frå chassis til motor, interiør og eksteriør. Designet liknar kanskje meir på europeiske premiummodellar enn tidlegare. Tilbakemeldingane frå kundane er «wow». Det er kjekt å oppleve, for det er nøgde kundar vi lever av, seier salssjef Rune Solvang i Toyota Nordfjord om bakgrunnen for at Toyota har styrka marknadsstillinga si i området til Nordfjordsamkøyringa.