Valmøte i Bremanger:

Bad politikarane om å skaffe dei ein tryggare skuleveg

Bertine Edvardsen frå Bremanger har nettopp begynt på ungdomsskulen på Davik, og må kvar dag reise med buss til skulen. Under valmøtet i Svelgen måndag bad ho politikarane trygge skulevegen hennar.

Bertine Edvardsen (med mikrofon) frå Bremanger har nettopp begynt på ungdomsskulen på Davik, og må kvar dag reise med buss til skulen. Under valmøtet i Svelgen måndag bad ho politikarane trygge skulevegen hennar. Foto: Kristine Lyngbø/Fagforbundet 

Nyheter

– Vi vil gjerne snakke om vegen mellom Rugsund og Davik. Vi må reise med buss til skulen kvar dag, der er stor rasfare og vegen er også smal og svingete. Vi vil gjerne høyre kva politikarane meiner om dette, spurte Bertine dei seks ordførarkandidatane som sat i panelet under valdebatten.