Personstemmer sikra dei plass i kommunestyret

Fleire representantar på partilistene gjorde store byks etter at personstemmene var talt opp. Personstemmene sørga også for at representantar som hadde hamna utanfor kommunestyret no er med.

Venstre sin Gunvald Ludvigsen (t.h.) klatra frå 38. plass opp til 11. plass på Venstre si liste. Dette sikrar Ludvigsen plass i kommunestyret. Her saman med Gunnar Silden (V).   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Dei som har klatra oppover til ein fast plass i kommunestyret er Høgre sin Wanja Lien (frå 4. plass til 2. plass), Senterpartiet sin Kjell Magnar Flølo (13. plass til 8. plass) og Ida Elisabeth Lien (14. plass til 9. plass), SV sin Bent-Inge Auflem Borgund (frå 3. til 1. plass), Venstre sine Marilyn Osmundsvåg (frå 15. plass til 5. plass), Ingebjørg Flyum Bjørlo (frå 13. plass til 7. plass), Håvar Kjetil Fagerli (frå 22. plass til 8. plass), Anita Olaug Otneim Hoddevik (frå 18. plass til 9. plass) og Gunvald Ludvigsen (frå 38. plass til 11. plass) og FrP si Elisabeth Orene Hoel (frå 4. plass til 3. plass).