Angrar på «gutestrekar»

– Eg forstår folk som ser negativt på det. Vi er jo turistar som reiser til Stad, så å rulle ein stein utfor er kanskje ikkje det luraste vi gjer.

Benjamin Forthun la ut videoen av steinrullinga på sin eigen populære konto på Instagram med 140.000 følgarar. Han har fått både positive og negative reaksjonar.  

Nyheter

Det seier fotograf Benjamin Forthun til NRK Sogn og Fjordane, som først melde saka.

Kompisgjengen meinte det ville vere ein god ide å rulle ein stor kampestein utfor stupet på Stad slik at den knuste seg veg ned mot havet.

– Vi fann ein stein som vi kunne dytte utfor eit stup og ut i havet. Så tok vi ei litt dårleg avgjerd på å gjere det. Gjort er gjort, det var gøy. Men no i ettertid ser vi at det kanskje ikkje var det luraste, seier Forthun til NRK.

Blant dei som har reagert på «gutestrekane» er Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

– Eg reagerte som mange av innbyggarane i området. Dette er toskeskap, seier Osdal til NRK.

Han fortel at kommunen vurderer å politimelde saka.

– Eg forstår folk som ser negativt på det. Vi er jo turistar som reiser til Stad, så å rulle ein stein utfor er kanskje ikkje det luraste vi gjer. Om vi har gjort noko straffbart så må vi stå opp for det og ta straffa. Vi såg på dette som gutestrekar, seier Forthun til NRK.