– Framtida ser lysare ut i ny kommune

Komande ordførar i Stad kommune Alfred Bjørlo (V) meiner kommuneframtida ser langt betre ut som Stad enn den hadde vore for Eid og Selje kommunar om dei stod aleine.

Fellesnemnda for Stad kommune hadde sitt siste møte torsdag denne veka. 24. oktober konstituerer det nye kommunestyret i Stad seg, og komande ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner fellesnemnda sitt arbeid er eit godt grunnlag å bygge vidare på i Stad kommune.   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Vi har lukkast med ein felles giv i næringslivet og vi har spennande utviklingsprosjekt. Det er ei optimisme i kommunen. Eg trur vi har langt større moglegheiter som ny kommuneadministrasjon, enn om vi var kvar for oss seier Bjørlo.