No har senteret fått heilt nytt namn

Som eit ledd i ei utviding og fornying av tilbodet ved Dagsenter for demente bytter dei no også namn – til Ressurssenter for demensramma.

Nytt namn: Elisabeth R. Gangsø (fremst) er no dagleg leiar for Ressurssenteret for demensramma. Tilbodet ved senteret er ein vedtaksbasert teneste som no er under fornying.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Det nye namnet var oppe til behandling i Helse- og omsorgsutvalet tysdag der det fekk samrøystes tilslutning.

Dagleg leiar ved senteret Elisabeth Reed Gangsø er glad for namneendringa.

– Vi er veldig opptekne av å sjå behova og ressursane til dei enkelte, og ta vare på ressursane som framleis er der, så dei kan behalde dei lengst mogleg. Så vi har ønskt at namnet i større grad skal spegle dette, at det handlar om menneske som har blitt ramma av sjukdom.


Dagsenteret får ti nye plassar og utvidar opningstida

– Vi skal sjå heile mennesket, ikkje berre diagnosen

Dagsenter for demente i Vågsøy utvidar både opningstidene og tal plassar ved senteret. Dei tilsette håpar dette vil kunne hjelpe dei til å gje eit endå meir heilskapleg og tilpassa tilbod enn før.

 

Senteret har utvida tal plassar og opningstidene sine fordi ein ser at behovet vil auke. Dei fornyar også aktivitetstilbodet.

– Det kjem nye brukarar som har levd i ei anna tid og som har vore delaktige i samfunnet på ein annan måte. Dei ønskjer å halde fram med det. Og som eit ledd i det ønskjer vi å opne senteret meir opp, bli meir synlege og vere ein større del av samfunnet, seier Gangsø.


Vil tilrettelegge endå betre for yngre menneske med demenssjukdom

– Med denne fornyinga håpar vi at vi kan nærme oss eit godt tilbod også for dei yngre med demensdiagnose, seier Elisabeth Reed Gangsø.

 

Gangsø håpar at folk vil få auga opp for det utvida tilbodet.