Fekk 500 søkjarar til 100 ledige stillingar

Om lag 500 søkjarar her meldt seg til dei om lag 100 ledige stillingare innan infrastruktur og veg i nye Vestland fylkeskommune.

Vegdirektør Dina Lefdal. 

Nyheter

– Det er kjekt at så mange har vist interesse for og søkt på stillingane. Det syner at Vestland fylkeskommune er ein attraktiv arbeidsgjevar som rekrutterer godt til ei heilt ny avdeling. Vi skal byggje opp ein solid og kompetent vegadministrasjon, seier påtroppande fylkesdirektør for infrastruktur og veg i nye Vestland, Dina Lefdal.

Fylkeskommunane får nye oppgåver innan veg frå 1. januar 2020.


Oppgåver knytt til planlegging, utbygging, drift, vedlikehald og forvaltning av fylkesvegnettet blir overførte frå Statens vegvesen.

Den nye avdelinga skal ha kring 300 årsverk. Av desse er i overkant av 200 frå vegvesenet og dagens fylkeskommunar komne på plass. Dei tilsette i avdelinga vil ha arbeidsstad på ulike stadar i det nye fylket.

Dei resterande 100 stillingane vart lyste ut tidlegare i oktober, og søknadsfristen gjekk ut 23. oktober. No går Lefdal i gang med den vidare prosessen for å finne rett person til rett stilling. Stillingane er lyste ut med fleire arbeidsstadar i det nye fylket

– Vi går gjennom søknadsbunken no, og så går vi i gang med tilsetjingsprosessane. Det er eit spennande og krevjande arbeid å byggje opp ei slik avdeling – også for dei som blir tilsette no. Dei får vere med å setje sitt preg på og utvikle avdelinga, seier Lefdal.