Samla 25-30 tonn plast mellom Selje og Solund

I eit tokt med båten «Barstein» frå 23. september til 25. oktober rydda Fjordane Friluftsråd sjøen for 25-30 tonn plast.

Leia plastaksjon: Bjarte Engevik, dagleg leiar i Fjordane Friluftsråd.  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Det opplyste dagleg leiar Bjarte Engevik då han orienterte om friluftsrådet under møtet i Bremanger kommunestyre torsdag. Bremanger er ein av fem eigarkommunar i selskapet som vart etablert med adresse Hardbakke i Solund i 2017. Dei andre eigarkommunane er Vågsøy, Flora, Askvoll og Solund.