Kjære lesar, abonnent og annonsør

– Vi skal stå på kvar dag for å vere di lokalavis

Første januar 2020 er Vågsøy, Selje og Eid kommunar historie. Då skjer det ei historisk endring av kommunegrensene i ytre Nordfjord. Selje, Eid og indre delar av dagens Vågsøy blir til Stad. Resten av Vågsøy slår seg saman med Flora og blir til Kinn.

Fjordenes Tidende: F.v. journalist Louise Nygaard, marknadsrådgjevar Ståle Tennebø, journalist Marianne S. Rotihaug, journalist Gjert Myrestrand, sjef for redaksjonen Svanhild Breidalen, journalist Bjørn Erik Drabløs, redaktør Erling Wåge, marknadsrådgjevar Vilde Myhre Skavøypoll og marknadssjef Rune Henden.  Foto: Fritfjof Silden

Nyheter

Mange lurer på kva som skjer med Fjordenes Tidende etter at dei nye kommunegrensene er på plass. Skal lokalavisa for ytre Nordfjord og Bremanger endre seg like mykje som kommunegrensene? Svaret er nei. Fjordenes Tidende skal framleis vere lokalavis for det geografiske området vi dekker i dag. Vi skal være nær og dekke mykje av det som skjer i dagens Vågsøy, Selje, Eid og Bremanger. Vi skal vere ei sterk avis for ytre Nordfjord og kysten. I tillegg vil vi også ha eit blikk til litt av det som skjer i Vanylven som også er ein viktig kystkommune. Vi skal framleis vere ein viktig marknadsføringskanal både på papir og digitalt og bidra til å hjelpe næringslivet og andre i denne regionen til å tilby sine varer og tenester.

Med nye grenser må vi og alle sjå etter nye moglegheiter. Grensene må ikkje stå i vegen for samarbeid og utvikling.

Vi har stor tru på at folk i denne spennande regionen vil ha tette band og mykje med kvarandre å gjere same kvar kommunegrensene går. Alle som bur her vil ha felles identitet, og dette vil alltid vere eit felles bu- og arbeidsområde. På tvers av kommunegrensene vil det vere mange samarbeidsprosjekt og det vil vere saker innan samferdsle, kultur og næringsliv som ein vil kjempe for i lag. Uavhengig av nye kommunegrenser så vil det skje mykje spennande i dette området innan næringsliv, bedriftsutvikling, samferdsle, kultur og sport. Og Fjordenes Tidende skal vere ei viktig vaktbikkje som skal vere til å stole på og som skal skape engasjement.

Fjordenes Tidende skal sjølvsagt også vere tett på og dekke det som skjer i nye Stad kommune slik vi allereie gjer i dag. Det same skal vi gjere i nye Kinn kommune. Sjølv om den fysiske avstanden i denne nye kommunen blir stor og utfordrande, så skal vi vere tett på det som blir bestemt politisk og som vil gje konsekvensar for innbyggarane både i nord og sør. I Kinn, der dagens Flora blir storebror, er det kanskje ekstra viktig at det er ei sterk lokalavis i den nordre enden av den nye kommunen. I nye Kinn bør det, som det gjer i Stad, ligge mange spennande moglegheiter som vi skal følgje tett.

Vi skal også framleis vere tett på Bremanger som vi har vore i alle år. Bremanger er og blir ein viktig del av denne verdiskapande kystregionen.

Viktige saker for folk i ytre Nordfjord og på kysten er kommunikasjonar, samferdsle og rammevilkår. Fire viktige enkeltsaker er Stad skipstunnel, fjordkryssing, kystvegen og vidaregåande skular. Same kvar kommunegrensene går, er dette viktig for busetnad og næringsutvikling for alle i regionen.

Vi trur alle som bur i Nordfjord og langs kysten er opptekne av det nære, det som skjer i sitt bustadområde, i si bygd og i sin kommune. Vi trur alle også likar å følgje med det naboen gjer, og det som skjer i nabokommunane. Eit velfungerande lokalsamfunn er så mykje meir enn politikk og kommunegrenser. Det handlar om frivilligheit, gründerar, eldsjeler, skule, barnehage, leikeplassar, lag og organisasjonar. Alt dette er viktig for å skape vekst og trivsel. I regionen vi dekker finst det mange personhistorier som vi også skal fortsette å formidle. Vi skal vere eit viktig alternativ til falske nyheiter og rykte som oppstår, spesielt på sosiale medium.

Såleis skal Fjordenes Tidende ha ein viktig posisjon som ei lokalavis i ytre Nordfjord og på kysten. Vi skal formidle det som skjer så fort vi kan. Det skal vi gjere som ein del av vår digitale satsing der vi gjennom fjt.no når tusenvis av lesarar på kort tid.

Ei ny utfordring for alle i Sogn og Fjordane er at det som har vore trivselsfylket også blir historie. Etter 1. januar blir vi ein del av nye Vestland fylke. Ein stor og spennande region. Det blir utfordrande for oss som lokalavis å vere tett på alt som skjer i dette nye storfylket der mykje vil handle om storbyproblematikk og det som skjer i Bergen. Om vi blir små i denne store samanhengen, skal vi love å følgje med så godt vi kan og skrive om vedtak og det som får konsekvensar for alle oss som bur her i vår spennande del av det nye storfylket.

Skal vi framleis vere lokalavisa di, så er vi avhengig av å ha god kontakt med deg og alle som bur her. Vi vil også ha god kontakt og dialog med alle som bur andre stadar med sterke band til regionen, som abonnerer og les Fjordenes Tidende for å følgje med på kva som skjer «heime». Vi er avhengige av tips og innspel om det som skjer, stort og smått. Vi må få både ris og ros. Vi skal kvar dag stå for å vere ei sterk og viktig lokalavis for kysten, ytre Nordfjord og Bremanger.

Det lovar vi.