– No skal vi bygge ein 15 meter lang passasjerkatamaran som skal frakte passasjerar frå fastlandet til Ole Bull sin heim på Lysøen. I likskap med Barmøyferja blir dette ein miljøbåt som skal gå fullelektrisk, men også her set vi inn dieseldriven rekkeviddeforlengar. I tillegg er det stort fokus på design og innreiing. Vi meiner dette er ein båt som ikkje alle verft kan bygge, seier dagleg leiar Kristian Lundebrekke ved Måløy Verft.
Tar med seg erfaringane til neste nybygg
– Lærdomen frå Barmøyferja er gull verdt
Allereie før Barmøyferja var sett i drift var Måløy Verft og miljøet i Teknopollen i gang med sitt neste prosjekt, passasjer- katamaranen Ole Bull. Her kjem erfaringane frå nybygget som trafikkerer sambandet Barmsund-Barmen til god nytte.
God Respons: Dagleg leiar Kristian Lundebrekke er godt fornøgd med tilbakemeldingane dei har fått på Barmøyferja. – Vi har hatt fleire barmarar innom verftet i byggeperioden som har vore nysgjerrige på korleis det blir, og eg trur dei likar resultatet. Foto: Marianne S. Rotihaug
Nyheter