Øydelegg for bakkenettet

Når vindturbinane går, får ikkje innbyggjarane i bygda sjå TV

Etter at vindturbinane på Hennøy vindpark vart sett i drift, er det dei som avgjer når innbyggjarane i Berle i Bremanger får sjå TV.

Vindturbinane i Hennøy vindpark avgjerd når innbyggjarane i Berle har TV-signal.   Foto: Privat

Nyheter

– Dei som har RiksTV kan berre gløyme å sjå på fjernsyn. Dei har ikkje signal og biletet frys så lenge møllene er i gang, fortel Isak Berle.