Vil ha hjelp til å fjerne avskilta bilar

Aktiv Raudeberg har tatt kontakt med Kinn kommune for å få fjerna avskilta bilar frå bygda.
Nyheter

– På vegner av arbeidsutvalet i Aktiv Raudeberg sender eg ein førespurnad om parkerte og avskilta bilar i området Vikja/haldeplassen på Raudeberg. Er dette noko kommunen har moglegheit til å sjå på, skriv bygdelaget i ein e-post til Kinn kommune.