Auka omsetnaden med 14 prosent i fjor

Selskapet har lukkast med å skape ny vekst

Nordvestvinduet omsette for over 121 millionar kroner i fjor, opp 13,7 prosent frå året før. Verksemda har jobba hardt for å utvikle produkt marknaden etterspør, og har lukkast med å skape ny vekst.

Leiar produksjonen: Desse tre er sentrale i styringa av sjølve produksjonen. Frå venstre Kim Rune Lofnes (påtroppande produksjonssjef), Olaf Martini og Stein Ove Bakke (begge basar i glasavdelinga).   Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

Status for hjørnesteinsverksemda i Almenningen er at omsetnaden går opp, resultatet på botnlina går opp og talet på tilsette aukar. Med andre ord er administrerande direktør Rune Sætren nøgd med fjoråret.