Talet på lovbrot går ned, men politiet ser ei auke i hatkriminalitet

Auke i hatkriminalitet og drap

Registrert hatkriminalitet har auka med 82 prosent i Vest politidistrikt siste året. Politidistriktet legg i dag fram resultat for delar av verksemda i 2019.

Kommunikasjonssjef Arne Lutro i politiet melder om reduksjon i antal lovbrot, men auke i hatkriminalitet og drap.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Talet på meldte lovbrot i Vest politidistrikt er det lågaste på fem år, men nedgangen flater noko ut i 2019 med 30 576 meldte lovbrot. Vinning utgjer den klart største delen meldte lovbrot trass i ein nedgang på nesten 30 prosent dei siste fem åra.