Naudetatane rykte ut då bil velta

Søndag velta ein bil i Stad kommune.

  Foto: Erling Wåge, arkiv

Nyheter

Klokka 14:00 melde Vest Politidistrikt på Twitter at ein bil hadde velta i Heggjabygda i Stad kommune, og at naudetatane rykte ut. Bilen låg delvis i vegbana.

Seinare melde politiet at det ikkje var snakk om personskader, men at dei hadde vore i kontakt med bilføraren som framstod berusa.