Sende brev til kommunen

Fekk tilbake ekstremveka si etter at dei protesterte

Etter innspel frå elevrådet på Hauge skule har administrasjonen i Bremanger kommune bestemt seg for å arrangere aktivitetsveka som niandeklassingane har vore på kvart år sidan 2003.

Ekstremveka i Bremanger har vore eit høgdepunkt for mange niandeklassingar i alle år. No er det bestemt at arrangementet skal gå av stabelen i år etter at det ikkje var arrangert i fjor. Bildet er teke under ei eksremveke for nokre år sidan.   Foto: arkiv

Nyheter

Elevane tok affære då veka plutseleg ikkje blei arrangert i 2019. Dei sende brev til kommunen, og etterlyste dette gode tiltaket, men fekk til svar at det truleg ikkje var pengar til det.