Koronakrisa samlar Nordfjord til felles innsats

Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger kommune førebur å samle seg i eit felles beredskapsteam for næringslivet i Nordfjord.

Her er ordførarane i Gloppen, Stryn og Stad saman med dagleg leiar i Visit Nordfjord og representantar for næringsorganisasjonane i Nordfjord og Nordfjord Opplæringskontor.  Foto: Nordfjordrådet/Janne Andersson

Nyheter

Næringslivet i Nordfjord står i ein svært uvanleg og krevjande situasjon som følgje av koronaviruset. Permitteringar, usikre tider og nye utfordringar gjer at ordførarane i Stryn, Gloppen, Stad, Kinn og Bremanger går saman med mål om å etablere eit felles beredskapsteam for regionen.