Reagerer på at formannskapet har «telefonmøte»

– Eg føler at partiet mitt er i politisk karantene

Nils Olav Moen i Helsepartiet i Vanylven reagerer på at formannskapet, der partiet hans ikkje er representert, har møte over telefon. Ordføraren seier at formannskapsmedlemmane har vore i dialog, men møte vil ikkje Lena Landsverk Sande (V) kalle det. 

Nils Olav Moen i Helsepartiet i Vanylven reagerer på at formannskapet, der partiet hans ikkje er representert, har møter over telefon.  Foto: Jørn Arne Tomasgard

Nyheter

– Vi har ikkje hatt eitt møte med alle partia etter koronautbrotet. Eg har fått høyre at formannskapet har hatt telefonmøte. Det betyr at eitt parti, Helsepartiet, er sett på gangen. Eg føler at partiet mitt er i politisk karantene, seier Moen, som viser til at alle politiske møter i Vanylven er utsett til etter påske.