Fiskebåten berga opp to fiskarar som hadde havarert

Fiskebåten Skjongholm frå Hovden i Kinn kommune berga onsdag kveld to menn i 20-åra som hamna i sjøen etter at båten tok inn vatn.

Fiskebåten Skjongholm  Foto: Privat

Nyheter

Dramaet skjedde seg onsdag kveld ved Rystraumen ved Tromsø.

Hovudredningssentralen i Nord-Norge fekk like før klokka 18.30 onsdag kveld ei naudmelding frå eit fiskefartøy med to personar om bord. Dei skal ha opplyst at båten tok inn vatn og var i ferd med å søkke.

Fiskebåten Skjongholm var ikkje så langt unna, melder avisa iTromsø.

Ein av mannskapa på fiskebåten skal ha hoppa i sjøen og bidrog til å berge opp dei to som låg i sjøen med redningsdrakt.


Meiner departementet må ha gjort ein glipp i kvotemeldinga

Meiner departementet må ha gjort ein glipp

Rune Nilsen, reiar og skipper på garnbåten Skjongholm, stiller spørsmål ved kva som skjer med maksimalkvotane i Nordsjøen. Denne ordninga er ikkje nemnt i Nærings- og fiskeridepartementet si nye kvotemelding.


Universitetssjukehuset Nord-Norge opplyste til iTromsø klokka 22.30 onsdag kveld at situasjonen var stabil for begge dei to mennene som hadde havarert, men at dei var innlagt til observasjon.

Fjordenes Tidende har ikkje lukkast å få kontakt med skipper og reiar Rune Nilsen eller mannskapet på Skjongholm torsdag føremiddag.