Anslår at opp til 500 laks har rømt frå anlegg

Laksen er nyleg vaksinert og kan vere farleg å ete

Det forklarar Stig Bakke ved Nordfjord Forsøksstasjon etter at pigghå har togge hol i nota på anlegget i Hundvika i Stad kommune.

Ikkje et: Laksen kan vere farleg å ete då den nyleg har blitt behandla for lakselus.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

– Vi har hatt ei lita rømming av laks som nyleg har vore behandla med SLICE (middel mot lakselus). Om folk fangar denne laksen må dei unngå å ete den då medisinen har ei tilbakehaldingstid på fjorten dagar, seier Bakke.

I staden for oppfordrar Bakke folk til å levere inn laks mot betaling. Laksen det er snakk om er ifrå 1,5 til 1,8 kilo.

Han er usikker på kor mange det er snakk om, men at det kan vere fleire hundre.

– Det er vanskeleg å sei mengda, men om eg skal kome med eit anslag så vil eg tippe at rundt 500 laks har rømt.

Då dei oppdaga hola i nota, sette dei i verk tiltak med gjenfangstgarn. Der fekk dei stadfesta mistanken om rømming då dei fekk oppdrettsfisk i garnet.

– Vi har hatt dykkarar nede som reparerte skadane umiddelbart, og så følgjer vi det opp vidare no utover, fortel Bakke som framleis kan sjå pigghå som sym rundt anlegget.

– Det er ikkje så mykje vi kan gjere. Pigghåen er freda så vi kan ikkje fange den heller. Men det var nokon som nyleg var ute for det same i Sognefjorden, så vi skal kontakte dei for å høyre kva dei gjorde, fortel Bakke.

Nordfjord Forsøksstasjon har varsla Mattilsynet og Fiskeridirektoratet.