Skovlhjulet som vart industrieventyr

Svelgen er ofte omtala som «den globale bygda». At det er regn, snømassane i dei høge fjella og fossande vatn som er grunnlaget for det den vidfemnande verksemda Elkem Bremanger representerer, herskar det ingen tvil om. Denne veka vart turbinen, som gjorde vatn til straum, heidra.

F.v. Asbjørn Svarstad (Svelgen Kraft), Kristin Teigene (Sparebanken Vest) Karl Vidar Førde (kommunalsjef i Bremanger kommune), og Kåre Myklebust (Svelgen Opp og Fram).  Foto: Ingrid Elisabeth Haugen

Nyheter

Det fins tre gram spesialsilisium frå Elkem Bremanger i alle Iphonar verda over. Slik har hjørnesteinsverksemda i Svelgen utvikla seg i takt med den internasjonale marknaden, heilt frå starten i 1921.