Fantastisk respons på «digital» nasjonaldag

Det blei ei fantastisk oppslutting om Fjordenes Tidende på nasjonaldagen, seier ein strålande fornøgd ansvarleg redaktør i Fjordenes Tidende, Erling Wåge.
Nyheter

Han opplyser om at det var veldig stor interesse rundt fjt.no, denne dagen.

Han kan opplyse at Fjordenes Tidende publiserte 58 videoar, bildeseriar og redaksjonelle saker på nasjonaldagen. Og så hadde vi nesten 60.000 sidevisningar på 17.-saker.

– Dette er høge tal. Dette viser at denne litt spesielle nasjonaldagen vart så digital som mange hadde spådd på førehand. Mange taler og musikkinnslag var spelt inn på førehand. Men vi hadde mange på jobb denne dagen som var rundt omkring og rapporterte om kreative måtar å feire nasjonaldagen på i desse koronatider. Må skryte av alle tilsette i Fjordenes Tidende og frilansarar som vi brukar, seier Wåge

Han seier redaksjonen har planlagt denne dagen i lang tid. Fjordenes Tidende har også samarbeida tett med Kinn kommune, Stad kommune og Bremanger kommune og dermed kunne taler og musikk som var laga for dagen publisert ut til svært mange. Fjordenes Tidende samarbeida også med lokalavisene Firdaposten og Fjordabladet.

– Dette var skikkeleg moro. Vi har fått veldig mykje skryt og gode tilbakemeldingar på dekkinga vår av nasjonaldagen. Og dersom du ikkje har fått sett alt, så ligg sakene godt tilgjengeleg på fjt.no. Det er berre å opne sida der alt ligg, seier Wåge.

Han vil også skryte av og takke dei mange som stilte opp for Fjordenes Tidende og ikkje minst dei mange som sende inn bilete og videoar frå heile dekningsområdet til lokalavisa.

– Tusen takk til alle, seier redaktør Wåge.