Fornøgd med at finansutvalet utsette avgjerd på innsparingsforslaga til fylkesrådmannen

På torsdagens møte i finansutvalet i Vestland fylke valde politikarane å utsette handsaminga av dei konkrete innsparingsforslaga som fylkesrådmannen hadde foreslått.

På torsdagens møte i finansutvalet i Vestland fylke valde politikarane å utsette handsaminga av dei konkrete innsparingsforslaga som fylkesrådmannen hadde foreslått.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Politikarane vedtok dei overordna økonomiske rammene, slik at reduksjon i utgiftene vart fordelt på dei enkelte sektorene i fylkeskommunen, men valde å ikkje ta stilling til dei enkelte innsparingstiltaka. Blant anna tok ikkje politikarane stilling til om Svelgen-Indrehus og Atløysambandet skulle kuttast eller utsettast.