Sjukeheimsoverlegen informerer

Slik går ein fram om ein vil besøke sine kjære på sjukeheimane i kommunen

– Det vert no høve å besøke sjukeheimspasientar på institusjonane, men det blir ikkje heilt som før, forklarer Ronny Cassels som er sjukeheimsoverlege i Kinn kommune.

– Det må presiserast at sjukeheimane framleis er stengde, og at besøk må tingast på førehand. Vanlege smittereglar må følgjast. Ved auka smittefare seinare kan også det bli innstramming i besøksordninga att, seier sjukeheimsoverlege i Kinn, Ronny Cassels.   Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

– Ved pandemi covid-19 vart det raskt synleg at sjukeheimsbebuarar truleg er den mest sårbare gruppa for smitte. Difor vedtok Helsedirektoratet raskt stenging av alle sjukeheimar for besøkande. Men tida som har gått frå stenginga har også vist oss at det for mange kan vere uheldig med lang tid utan kontakt med sine eigne, seier Cassels til Fjordenes Tidende.

Mer jobb: Selv om det er tilfredsstillende bemanning på lokale legekontor har ikke arbeidsmengden for legene blitt redusert. De senere årene er det blitt flere og flere oppgaver for fastlegene noe som går ut over dem som virkelig trenger hjelp, forklarer fastlege Ronny Cassels. Foto: Gjert Myrestrand  Foto: Gjert Myrestrand

Når Folkehelseinstituttet denne veka gav klarsignal om at det vert anledning med besøk på pasientromma, er dette derfor ei gladnyheit for Cassels.

– Vi har straks fått på plass rutiner for korleis dette må foregå, seier han og legg til:

– Det må presiserast at sjukeheimane framleis er stengde, og at besøk må tingast på førehand. Vanlege smittereglar må følgjast. Ved auka smittefare seinare kan også det bli innstramming i besøksordninga att.

Slik beskriv Kinn kommune prosedyren for sjukeheimsbesøk:

«Mange pasientar og brukarar i helse-og omsorgsinstitusjonane er særs sårbare for smitte av covid-19 på grunn av alder og enkelte kroniske sjukdommar. Vi ynskjer å legge til rette for besøk, samstundes som vi må unngå at vi får smitte inn i institusjonane. Det er derfor innført besøksrestriksjonar og rutiner for besøk:

· Pårørande med luftvegssymptom eller bekrefta covid-19, skal ikkje besøke helse- og omsorgsinstitusjonane

Besøkande skal:

· Utføre handhygiene når ein går inn og ut av institusjonen

· Halde minst 1 meter avstand

· Gå direkte til/frå rommet. Ikkje opphalde seg i fellesareal

· Ved bruk av besøksrom skal ein gå direkte til og frå besøksrommet, og ikkje opphalde seg i fellesareal

· Ved behov for rullestol skal tilsette trille denne

· Ikkje fleire enn to besøkande i gongen

· Bebuaren kan ta imot gåver og blomar.

Ein kan bringe med seg mat, men ikkje nytte kjøkkenet i institusjonen.

Rutiner under besøk: Besøk kan føregå både utendørs og inne på brukaren sitt rom. Om bebuaren ikkje har einerom, skal besøksrommet på institusjonen nyttast.

Protokoll: Det vert ført besøksprotokoll

Bestilling av besøk: Besøk skal avtalast dagen før innan kl. 15.00. Besøk på helg skal avtalast innan kl. 15.00 fredag.

Lengda på besøk avtalast og tilpassast ved ankomst.

I heildøgnsbemanna omsorgsbustader kan brukaren ta imot besøk i leiligheita si. Besøkande går rett til rommet og oppheld seg ikkje i fellesareal. Besøk der skal også skje etter retningslinjene i dette skrivet».