Heiter det Skåra eller Skora?

Her er det «ja takk, begge deler»

Kari Midtgård Råsberg har tatt bilete av desse skilta i området mellom Måløy og Raudeberg, og stiller spørsmål ved om det er rett med Skåra eller Skora. Kva meiner du?

Kari Midtgård Råsberg har tatt bilete av desse skilta i området mellom Måløy og Raudeberg, og stiller spørsmål ved om det er rett med Skåra eller Skora. 

Nyheter

– Heiter det Skåra eller Skora? Dei som har ansvar for skiltinga på/ved fylkesveg 617 Måløy – Raudeberg er ikkje einige med seg sjølv, for her er det «ja takk, begge deler», skriv Råsberg i eit Facebook-innlegg.

Skilta viser at tunnelen heiter Skåratunnelen, men at vegen heiter Skoravegen.

– Det er lite konsekvent, enten det no er Statens vegvesen eller Vågsøy kommune som er skiltansvarleg her, fortset Råsberg.