Reisetips i Norges vakraste region

Ta turen til denne strandperla som ein dagstur

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: privat

Nyheter

Turen til Vetvika er krevjande, men kan vere ein dagstur.

Turen startar frå Dalevatnet i Svarstad i Bremanger der er det parkering. Turen startar oppover ein grusveg som går til antenna på Steinfjellet. Men før dette, etter ca. 3 km på veg, tar ein av ved skilting på Rabben og følger merkepinnar.

Turen til Vetvika er 8 kilometer ein veg. For å lage ein rundtur kan ein velje å gå langs Solheimsvatnet, og gå det som kallast Ura tilbake.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.