Tidlegare Idol-artist kjem

Forlengjer sommarfesten inn i dei to neste helgene

Dei to førstkommande helgene blir det livemusikk og tilbod hos butikkane i Måløy sentrum. – Det blir ei forlenging av sommarfesten førre helg, fortel Bjørn Tungevåg, bidragsytar for arrangementet.
Nyheter

Tidlegare Idol-artist, Jørn Trollebø Kvalheim, skal spele i Måløy sentrum både laurdag 4. juli og laurdag 11. juli. Konsertane skal fungere som ein forlenging av sommarfesten som var førre helg.


Gatene fylles opp med musikk, gode tilbud og glade mennesker i sommersola

– Vi visste ikke at det var sommerfest, men jammen er det flott her


– Kvalheim tek med seg gitaren og spelar litt i sentrum. Vi ynskjer å skape aktivitet, og ha sommarunderhaldning i sola, seier Tungevåg.

Det er foreløpig ikkje bestemt kvar den tidlegare Idol-artisten skal spele, men det blir truleg rundt torget i Måløy, bekrefter Tungevåg.

– Kvar han skal spele er avhengig av vêret, men det blir nok i sentrum ein plass.


Tror handelsstanden vil se en god effekt av sommerfesten i tiden fremover

Selv om Sommerfest i Måløy ikke klarte å toppe handelsresultatene fra tidligere Måløydager, mener lederen for handelsforeningen at de to alternative festdagene vil gi god effekt utover sommeren.


Tilbod i butikkane

Det var Måløy Handelsforening som arrangerte sommarfesten førre helg, og det er også dei som arrangerer dei kommande arrangementa i sentrum.

– Vi håper at det kjem ein del folk, og at det blir liv i gata, fortel leiaren i Måløy Handelsforening, Amund Gotteberg.

Viktig periode: – Sommarsesongen er viktig for lokale butikkar, seier Gotteberg.  Foto: Louise Nygaard

Butikkane vil stille opp med gode tilbod også dei to førstkommande helgene. I tillegg håper handelsforeiningsleiaren å få til noko liknande med restaurantane.

– Vi ynskjer at det skal skje ting heile tida slik at det blir attraktivt å komme til Måløy.