Ferietips i Norges vakraste region

Legg til her og bli omkransa av majestetiske fjell

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.  Foto: Foto: Notaplassen hamn og camping

Nyheter

Notaplassen Hamnelag driftar ei stor båthamn som ligg inst i Syvdsfjorden omkransa av majestetiske fjell på kvar side. Hamna tilbyr både fastplass og gjesteplass og består av to flytebrygger som er 57 meter lange. Totalt er det plass til 65 båtar. Hamnelaget driftar også ein bubil- og campingplass på landområdet ved båthamna. Plassen har kapasitet til 14 bubilar/campingvogner.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.