Utstyrs- og reiskapsleverandøren noterer seg for omsetnadsrekord i første halvår

Så langt ser 2020 ut til å kunne bli eit rekordår for AS Fiskevegn. I månadane januar til juni har selskapet notert den største omsetnaden dei nokon gong har hatt i eit halvår, og juni sette omsetnadsrekord som enkeltståande månad.

Kan glise: Sals- og marknadssjefen Jakob Hals til venstre, og ein av hovudeigarane Helge Solheim til høgre, kan vere godt fornøgd med 2020 så langt.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

For selskapet som har hovudkontor på Flatraket i Stad kommune, har omsetnaden vakse jamt og trutt dei siste åra, med ein omsetnad på nær 119 millionar kroner i 2018, ifølge Purehelp.no. Og no i første halvår av 2020 ser ein altså nye rekordar.