Ferietips i Norges vakraste region

Inviterer folk til å kome på besøk på garden

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Eirik Gard Endal

Nyheter

På Holvik Gård har dei sauer, høns, kaninar og ender. Dei har ikkje faste opningstider, men gir omvising på garden etter avtale.

Der får ein helse på dyra, ein får eit innblikk i det å drive eit småbruk med sjølvforsyning og korleis ein prøver å få mest mogleg ut av alle ressursar som dyra og naturen gir.

På garden er det også mogleg å overnatte, men dette må reserverast på førehand.

På garden har dei også starta eit prosjekt som dei kallar «Hjarterom på Holvik Gård», som inkluderer helgecampar og feriecampar for barn og unge. Datoar for dette vil kome på Facebook-sidene til garden.

På Holvik Gård kan ein også få kjøpt egg.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.