Ferietips i Norges vakraste region

Finn roa på gamle handelsstadar

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Havsalt sommar, magasin Rugsund handelsstad, gjestehamn, gjestehavn   Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Omkransa av vakker natur ligg den gamle handelsstaden i Rugsund på austspissen av Rugsundøya.

Rugsundet er «snarvegen» til Nordfjord når ein kjem frå sør innover Frøysjøen. Den lune og gode hamna, sentralt plassert ved den indre skipsleia langs kysten, har alltid vore ettertrakta av dei sjøfarande ettersom den lumske Rugsundstraumen er like ved. Også i dag er kaia og flytebrygga mykje besøkt av båtturistar.

Også i Smørhamn kan ein besøke ein gamal handelsstad. Her har det vore drive handel og gjestgivarverksemd så lenge folk kan hugse. Her finn ein ro og fred, og historia sit i veggane.

Det blir sagt at den tidlegare kongen av Norge og Danmark var på besøk ved Smørhamn handelsstad på 1700-talet.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.