Ferietips i Norges vakraste region

Her har du kort veg til opplevingar

I Havsalt sommar får du tips om kva du kan sjå og oppleve i Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

Eid Gjestehamn har 100 meter brygge og 15 gjesteplassar. Fasilitetar ved gjestehamna er vatn- og diselfylling.

Normalt er det 70–80 båtar innom gjestehamna i løpet av sommaren, mange av dei under Malakoff Rockfestival, som i år er utsett.

Når du legg til kai ved gjestehamna på Nordfjordeid er det kort veg til Eidsgata og Eid sentrum som kan by på mellom anna vikingsenteret Sagastad, Eidsgata med butikkar og kafear og Kulturhuset Gamlebanken med utstillingar.

Du kan lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.