Ein person sendt til sjukehus etter ATV-ulukke

Vest politidistrikt melder om ei singelulukke med ATV rundt klokka 14:30 laurdag ettermiddag.

Illustrasjonsfoto  Foto: Arkivfoto

Nyheter

Det har vore ei ulukke med ein ATV på Sandvikseidet på Stadlandet der to personar var involvert. Føraren av køyretøyet er sendt til Førde sjukehus med helikopter for behandling, medan den andre personen kom uskadd frå ulukka.

Ingen andre køyretøy var involverte.

Vest politidistrikt fortel til Fjordenes Tidende at lokalt politi vil følgje opp saka over helga, og at det ikkje er mistanke om at noko kriminelt skal ha skjedd.