Har leigd ut eigen hybel for å få plass til alle overnattingsgjestane

I frykt for koronaviruset sperra driftsansvarleg på Ulvesund fyr, Sølvi Hopland, ned alle moglegheiter for nettbestillingar for å avgrense besøket denne sommaren – no har ho nyleg hatt sin mest besøkte juli-månad nokosinne.

Smil: Sølvi Hopland har laga ei eiga bok om Ulvesund fyr som ho sel til sommarturistane sine.  Foto: Andreas Hellenes

Nyheter

– Denne sommaren er heilt utruleg. Eg grubla forferdeleg på kva eg skulle gjere, ettersom eg hadde tenkt å halde stengt fordi eg var så redd for koronaviruset, fortel Hopland til Fjordenes Tidende.