Gjennomførte den galne «korona-ideen» på ein varm sommardag

– Det er det heftigaste eg har gjort

Då Petter Sætremyr (34) sat på heimekontor under koronautbrotet kom han på ein sprek, men galen ide – han skulle gå sitt første maraton i «Norge sin lengste motbakke»

Favoritt-tur: – Det var vel eigentleg berre på grunn av ideen vi kom på i lunsjen at eg gjennomførte det. I tillegg er Skåla ein av mine favoritt-turar fordi du kjem så høgt opp og får god utsikt over både Nordfjord og Sunnmørsalpane.  Foto: Privat

Nyheter

– Eg er framleis støl i beina, så eg treng minst ein kviledag til før eg er klar for noko nytt, innrømmer fjellgeita frå Deknepollen, tre kviledagar etter maratonen.