Foreslår bompengar på populært turistmål

Ein innbyggjar i Stad kommune har sendt brev til kommunen der vedkomande kjem med eit forslag om å krevje pengar som ein kan nytte til vedlikehald av vegen opp til Vestkapp.

Ein innbyggjar i Stad kommune har sendt brev til kommunen der vedkomande kjem med eit forslag om å krevje pengar som ein kan nytte til vedlikehald av vegen opp til Vestkapp.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Tipset mitt er at de må sette opp bomveg-kasse så de får litt inntekter til å halde ved like vegen med, for den var ganske nedsliten. Med så mykje bilar som var oppe der denne dagen og sikkert elles og, så hadde det blitt inntekter, skriv innsendaren som hadde leita etter ei slik ordning.