Er skuffa over Fylkesmannen og sender brev til settefylkesmann

– For oss er det uforståeleg at kommunen ikkje skal kunne styre i denne saka

Saka om ei forlenging av turløypa ved Polljavatnet i Deknepollen går til handsaming hos settefylkesmann etter at Fylkesmannen i Vestland klaga på positivt vedtak frå kommunen. No har Skavøypoll idrettslag sendt eit brev til settefylkesmannen der dei ber om at dei får realisere planane.

No har Skavøypoll idrettslag sendt eit brev til settefylkesmannen der dei ber om at dei får realisere planane.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Skavøypoll idrettslag ved Jørgen K. Blålid har sendt eit brev til settefylkesmannen i Rogaland som omhandlar nye element som har kome til saka etter at Fylkesmannen i Vestland klaga på kommunen si godkjenning av dei vidare planane for turløype i området rundt Polljavatnet.