Eigarane legg butikken ut for sal

No er Kåre klar for ein pust i bakken etter 24 år i bransjen

Kåre Aarskog har 24 år bak seg i møbelbutikken på Åheim. No er tida komen for å trekke seg tilbake, så saman med dei to andre medeigarane i selskapet vel han no å legge butikken ut for sal.

På tide å sette seg ned: Kåre Aarskog har jobba i møbelbutikken på Åheim sidan 1996. To år etterpå kjøpte han seg inn i drifta og har vore ein sentral del av suksessen. No vel han og dei to andre eigarane å trekke seg tilbake for å la andre sleppe til.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Heilt sidan 1969 har bygdefolket på Åheim hatt stor glede av møbelbutikken. Sidan 1996 har Kåre Aarskog vore ein sentral del av den gleda. Men med meir og meir ansvar dei seinare åra, og færre hender å fordele det på, er valet om å selje til slutt det rette, fortel han.